The Iowa State Singers

The Iowa State Singers

Iowa State Singers, eit blanda korensemble med 58 stemmer, skal på konsertreise i Norge 14.-26. mai og synge i Oslo, Bergen, Førde, Loen, Ålesund, Molde og Trondheim. Dette utvalde ensemblet frå Iowa State University i USA framfører det ypperste korrepertoaret frå renessanse til samtid.

Årets program inkluderer nye verk av dei amerikanske komponistane Jake Runestad og Elaine Hagenberg. Andre komponistar på programmet er Bruckner, Sweelinck, Purcell, Grieg, Pietro Ferrario og Frank Martin. Arrangement av folkemusikk og spirituals avsluttar kvart program.

Iowa State Singers har dei siste åra blitt heidra med invitasjonar til å opptre på dei nasjonale musikkonferansane til American Choral Directors Association (ACDA) og National Collegiate Choral Organization (NCCO) i 2005, 2008, 2009, 2011, 2015 og 2019. Tusenvis av kordirigentar frå inn- og utland har vore begeistra for koret sine opptredenar. I 2013 vart songarane heidra som nasjonale vinnarar av The American Prize, College/University Chorus Division.

Utsøkt! Et av de beste korensemblene vi har hørt!
- Primarily A Cappella

Et kor i verdensklasse...
- Eric Whitacre

Konserten er open for alle gjester.

Vil du ete i restauranten?

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.

Bankvelv

Bankvelv

Med kjærleik for norsk folkemusikk har Bankvelv fordjupa seg i slåttespel frå Vestlandet, overført frå tradisjonell trekkspel og hardingfele til meir utforskande saksofon og gitar. Resultatet er energisk og leiken improvisasjon med den tradisjonelle dansetakta som grunnlag.

Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang traff kvarandre på jazzlina ved Griegakademiet i Bergen og er saman duoen Bankvelv. Prosjektet har hausta to sigrar i open klasse på kappleik og blitt spelt som konsert på blant anna Festspillene og Nattjazz i Bergen. Her kan du lese meir om og høyre Bankvelv.

Vel møtt til ein konsert med stødig samspel og sitrande speleglede!

Konserten er planlagt utandørs på takterrassen, men ved dårleg vêr blir det inne i Hoven Restaurant.

Ingen inngongsbillett til konserten.

Vil du ete i restauranten?

Hoven Restaurant serverer frå a la carte menyen fram til kl 18. Bestill bord på førehand her.

Linedance show

Linedance show

Stryn linedance_web.jpg

I 25 år har ein gjeng danseglade damer møttes ein fast dag i veka i felles glede over å danse. Dette skal feirast, og dei har difor invitert andre dansarar frå fjern og nær til ei helg fylt av dans. Feiringa vert avslutta søndag med danseoppvisning på takterrassen på Hoven. Dei gler seg til å vise fram kor kjekt det er med dans, og ikkje minst vise gjestane sine kva Stryn har å by på.

Om Stryn Linedance

Stryn linedance har i dag om lag 35 medlemmar i alle aldrar. Danseforma passar for alle; unge, gamle, spreke og ikkje fullt så spreke, kvinner og menn. I linedance vert det laga dansar med ulik vanskegrad. Det vert laga dansar i alle sjangre som cha-cha, jive, tango, vals, og charleston til både tradisjonell dansemusikk og moderne pop og rock.

Danseoppvisninga blir på takterrassen kl 16.